Vi er i Ukraina

Vi er i Ukraina

Skrevet av Kristoffersen, Ingrid Anita
Postet den 2010-11-03
No er vi i Ukraina og trivst som kalkunen på kykjetrappa.

Allereie fyrste dagen rakk vi å krysse eit trafikert kryss (med veldi masse bilar!, mentor sin feil), bli stoppa i kontrollen med kniv, bli ledd av av minst 7 forskjellige flyplasspersonale, vorte sett på rart fordi vi bar vår eigen bagasje, bestilte mat med å peike, fann vegen gjennom Odessa sjølv (mentor var med , men vi trengte ikkje hjelp), og så la vi oss før kl 20...

Elles har vi prøvd oss på å handle mat, vi har vore på 3 gudstenester, blitt skremt av diverse DIGRE hundar! (Helga vertfall, og ho syns det er veldig unødvendig med minst ein hund i kvart hus!), hatt to dagar med russisk undervisning (kan nesten alfabetet!), vore i ein butikk som boksavligtalt er så stor som EI brakke, blitt vist rundt i Odessa av to jenter, vi har blitt rost av ungar for å kunne å telle til ti, og fått lære ord av ungar, f.eks: loska, vilka, nosj. skei, gaffel, kniv. Vi har truffe medarbeidarane på dagsenteret der me skal jobbe og sett huset dagsenteret er i, vi har fått servert kake med fisk, kjeks med kål, pannekaker med eple, egg med kjøtdeig, kylling på spidd, her e veeeldig masse god juice (dette kan dei!), vi holdt på å kjøpe dopapir laga i Russland, men vi fekk heldigvis bytta det til eit som var laga i Ukraina, det var bra for vist ikkje kunne vi nesten blitt deportert..

Vi bor i ein koselig landsby, der alle stikk hovudet ut av glaset når vi går forbi, og gjerne ropar dobre viche etter oss. Vi har også blitt veldig glad i naboen so høyrer på veldig høg Ukrainsk musikk.

PS: Vi er veldig nøgde med oppfylginga frå Ole Megnus (Mentoren vår) han er veldig kul, og hjelp oss med det vi spør om! Vi har også fått mykje hjelp av Alexander pastoren her som bl.a. kaurte oss til å få internett, simkort og til eit stort supermarked på mandag så vi fikk handla det me trengde =)

Dosvedanja frå krølle, kokken & Bodø =)

Powered by Cornerstone